Processed with VSCOcam with f2 preset

Personleg trenar Synne Ripe gir deg elleve treningsmyter som du kanskje har høyrd tidlegare – men som ikkje stemmer.

Blogg:Vi er ekspertar på å henge oss opp imyter, spesielt som angår trening og kosthald. Nokon gonger sitter desse mytane så sterkt inngrodd at det er ingen forskingssartiklar som klarer å snu på ein person si oppfatning. Det kan gjelde ulike teoriar, eller det kan gjelde ein teknisk utføring.

– Dette innlegget vart først publisert på bloggen lill3rip3.blogg.no.

Som trenar må ein avgjere kva for kampar ein skal ta og når ein berre må svelge nokre kamelar. Det er ikkje alle personar det går an å endre meiningane til, og det avhenger som regel av perspektiv. Uansett, her gir eg deg dei mest kjende mytane, og så er det opp til deg kva du vil gjere med dei.

ryggtrening-1782608-8-1478330426285

Foto: Privat.

Her er elleve treningsmyter:

#1. Ved å trene mykje så kan du ete akkurat det du vil og likevel gå ned i vekt/feittprosent.

#2. Fullkornsproduktar er så sunne og bra for deg at du kan ete så mykje du vil utan å legge på deg.

#3. Frukt er noko du må ete for å vere sunn og veltrena.

#4. Høge protein diettar er farleg for sunne individ.

#5. Det er smart å unngå markløft for å behalde ei smal midje.

#6. Du får brede hofter av knebøy.

#7. Når du har «cravings» eller har eit sug etter noko å ete så er det kroppen sitt signal på at du er svolten, sjølv når du prøver å gå ned i vekt/feittprosent.

#8. Du må ete mange små måltid i løpet av dagen for å miste feitt og bygge musklar.

#9. Du kjem til å miste muskelmasse om du ikkje eter frukost før du går å trener.

#10. Kortisol er eit farleg hormon, og det må alltid haldast nede.

#11. 4 x 4 er den beste intervallforma for forbetring av kondisjon.

ryggtr-1782608-8-1478330748218

Foto: Privat.

Så om du er ein av dei som har helde fast på ein eller fleire av desse punkta, så vil eg berre fortelje deg at du kan slappe heilt av, det stemmer ikkje. Det er opp til deg kva du vel å tru på, og kampen om desse mytane kjem nok aldri til å gå over verkar det som!

Synne Ripe arbeidar som dagleg leiar på CrossFit Førde og har bachelorgrad i idrett med spesialisering innan personleg trening, ernæring og coaching. 

Er du bloggar eller hobbyskribent med meiningar som du ønsker å dele med andre, det kan også vere historier eller aktuelle tema, så kan du sende dette til oss på kontakt@stottmedia.no.

Så ser vi til at det blir publisert og delt over våre kanalar på nett og Facebook.

LEAVE A REPLY

Please enter your comment!
Please enter your name here