84 prosent av hushalda i Noreg har fast breiband, og farten blir stadig høgare.

Det er nesten 2.083.000 faste breibandabonnement i Noreg, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Tala viser at det i 3. kvartal var 1.947.000 private breibandabonnement i Noreg, inkludert Svalbard – ein auke på nesten 19.000 abonnement frå 2. kvartal.

På landsbasis har no 84 prosent av hushalda breiband.

Talet på abonnentar er størst i Oslo, der 93 prosent av hushalda har fast breiband, medan Finnmark er i den andre enden med 73 prosent.

Farten på dei private breibanda aukar. Samanlikna med 3. kvartal i fjor har farten auka med 35 prosent til 44,8 Mbit/s.

Talet på bedriftsbreiband var 135.000 i 3. kvartal, ein auke på rundt 2.500 abonnement frå 2. kvartal. Den gjennomsnittlege farten for bedriftsbreiband har auka frå 20,4 Mbit/s i 3. kvartal i fjor til 25,2 Mbit/s i 3. kvartal i år.

(©NPK)

LEAVE A REPLY

Please enter your comment!
Please enter your name here