Publisert 20.06.2017 09:54, oppdatert 20.06.2017 09:54 - Redaksjonen - tips@stottmedia.no
Vinteren 2019 skal Jølster IL arrangere alpint-NM for juniorar.
Jølster: Det melder Firda.no tysdag.
Jølster IL skal vere medarrangør med Voss Alpin som tar seg av storslalåmen, medan slalåmen blir arrangert i Jølster.
Ifølgje avisa og rennleiar Atle Hamar kan ein vente seg over 100 deltakarar.
- Basert på erfaringar frå FIS-renna ventar vi kring 150 deltakarar, seier Hamar.
- Veldig bra at vi fikk dette. Vi fekk vite det i går, men fekk tidlegare denne månaden hint om at det kunne skje, seier hamar, som også er styremedlem i Jølster Alpint.
Foto: Illustrasjon.