Kampen om gruvedrift i Førdefjorden held fram. No skal saka prøvast juridisk. Foto: Ingebjørg Marie Thorkildsen

Publisert 02.07.2020 09:26, oppdatert 02.07.2020 09:27 - Bysidene - tips@stottmedia.no

Gruvesak blir advokatmat

Nordic Mining fekk i forrige veke konsesjon til gruvedrift i Førdefjorden. Det godtek ikkje Natur og Ungdom, som har starta kronerulling for å prøve saka juridisk.

 

 

- Avgjerda om å gje utsleppsløyve er tatt på eit sviktande juridisk grunnlag. I utgangspunktet sa Miljødirektoratet (MD) nei til å dumpe gruveavfall i fjorden, men fekk beskjed frå politisk hald om å vekte samfunnsøkonomiske interesser opp mot negative miljøkonsekvenser.  Dette er med andre ord ikkje fagleg grunngjeve, men ei rein politisk avgjerd. Og mykje har endra seg sidan direktoratet snudde i saka. Vi meiner å ha ei sterk sak, seier Lasse Bjørn i Natur og Ungdom.

Miljødirektoratet 2014: NEI

For å få utsleppsløyve, må ein del fagetatar gje si velsigning. Ein skulle tru direktoratet sitt klare nei ville sikre ei anna form for deponering enn fjorddeponi. Grunngjevinga frå MD var at det ville få sterke negative konsekvensar for fisken i fjorden.

Direktør Ellen Hambro var tydeleg i si tale til NRK: Dette vil få betydelige negative konsekvensar for tre raudlista artar som gyter i området, blant desse er pigghå og blålange.

Ikkje overraskande var Nordic Mining sin direktør Ivar Fossum sterkt ueinig i fagetaten sin konklusjon. Han meinte at MD bygde si avgjerdsle på eit svakt kunnskapsgrunnlag når det gjaldt desse artane.

Havforskingsinstituttet si innstilling var også negativ til fjorddeponi og meinte det ville få negative konsekvensar for vill laks og aure. 

 

Miljødirektoratet 2015: JA

Året etter at MD sa klart nei til å deponere massane i Førdefjorden, snudde etaten.

Det skulle vise seg at Miljødepartementet ikkje var nøgd med den første konklusjonen.

Direktoratet fekk saka attende i fanget, denne gong med klar beskjed om at samfunnsøkonomiske interesser skulle takast med i berekninga.

175 arbeidsplassar vart lagt til grunn for prosjektet, og det var venta at gruvedrifta skulle vare i 50 år.

Denne gongen var MD positive til fjorddeponi.

Realiteten 2020

I år fekk Nordic Mining driftsløyve.

Men det blir ikkje like mange arbeidsplassar som forkjemparane la til grunn fem år tidlegare. No er det ikkje forventa 175 arbeidsplassar, men 100-110.

Driftstida er også avkorta. Det er ikkje rekna at det blir 50 års gruvedrift, men 34 år.

Natur og Ungdom er slett ikkje imponert.

 

Miljødirektoratet: - Ikkje berre miljø som avgjer

Vi tar kontakt med Miljødirektoratet for å høyre kvifor dei snudde i saka. Harald Sørby svarer slik:

- Den første innstillinga frå oss, som var eit utsegn til plansaka, tok ikkje nok hensyn til samfunnsinteressene. Dersom vi berre skulle vekte miljø i slike saker, ville svaret vore nei uansett kva sak vi fekk på bordet. Det er rett at blålanga er ein raudlista art, men dette kjem av overfiske. Blålange finns i heile Nord-Atlanteren og gyter langs heile norskekysten, så gyteområdet ved Vevring er ikkje avgjerande for arten si overleving.

Sørby presiserer at MD vurderte fleire former for deponi, og at fjorddeponi var det alternativet som samla sett ga minst ulempe. Han seier også at deponimassane blir mindre enn først antatt, og at dette vil truleg føre til at eit mindre område av fjordbotnen blir dekka av avgangsmassane.

Men etter at MD gav sitt ja, har forventa antal arbeidsplassar nesten halvert. Bør ikkje MD då sjå på saka på nytt, i og med at den samfunnsøkonomiske ringverknaden blir mindre?

- Denne avgjerda er endeleg frå vår side, men før drifta kan kome i gang er det fleire løyve som må på plass.

Kor lang tid vil det gå før gruvedrifta faktisk er i gang?

- Det vil ta litt tid. Det vil minst gå to år.

Sørby seier at avgjerdsla om å utsleppsløyve var avgjort av Miljøverndepartementet (no Klima- og Miljødepartementet) og dermed ei politisk avgjerdsle. Departementet sende saka attende til direktoratet for vidare oppfølging av løyvet. Men han poengterer at direktoratet står fullt og heilt inne for si endelege innstilling om søknad om løyve etter forureiningslova.

Er nesten i mål

Kronerullinga har som mål å hente inn 75.000 kroner, og starta torsdag 25. juni. På få dagar er det kome inn over 55.000 kroner via Facebook.

- Desse midlane skal brukast til å forfatte ei klage på avgjerda. Vi meiner at driftsløyvet er gitt på eit svært svakt juridisk grunnlag. Driftskonsesjonen er gitt på eit heilt anna grunnlag enn det som låg føre då søknaden vart sendt. Vi meiner at det er gjort svært svake vurderingar etter Naturmangfaldslova, det er eit svakt bergfagleg forsvar av ope dagbrudd og sjødeponi og vi meiner også at utsleppsløyvet bryt forureiningslova, seier Lasse Bjørn til Bysidene. 

Natur og Ungdom presiserer at ein eventuell rettsprosess vil koste atskilleg meir enn 75.000.

Dersom du vil støtte kampen mot gruvedrifta, kan du Vippse til nummer 66666. Skriv gruve i meldingsfeltet.

Du kan også bidra via Faceook-sidene til Natur og Ungdom.

Les også