Skodespelar Reidun Melvær Berge (22) frå Florø er engasjert ved Sogn og Fjordane Teater for første gong i rolla som Hedvig. Foto: SoFt.

Publisert 08.03.2016 10:12, oppdatert 08.03.2016 10:12 - Pressemelding - tips@stottmedia.no

Klassikaren Vildanden i ny drakt

Konteksten, kleda, teknologien og språket er nytt medan dei gamle tekstane og den originale handlinga framleis er slik som Ibsen skreiv Vildanden i 1884. 12. mars har stykket premiere på Sogn og Fjordane Teater. 

Teater: Inne på eit mystisk, mørkt loft, mellom krinklar og krokar, blant gamle skatoll og støvete bøker har familien Ekdal ei vill and. Det hadde dei i 1885 då stykket vart sett opp for første gong, og det har dei framleis i dag, når Sogn og Fjordane Teater flyttar stykket til vår samtid. 

Familien Ekdal lever eit enkelt, men tilsynelatande lykkeleg liv. Dei har bygd ein kvardag på fleire livsløgner for å halde løyndomen på avstand og draumane i live. 

Eit av Ibsen sine mest kjente sitat finn vi i dette stykket, som i Maria Tryti Vennerød si solide omsetjing til nynorsk lyder slik: Tar du livsløgna frå eit gjennomsnittsmenneske tar du lukka frå det med det same.

- Det sentrale i teaterstykket Vildanden er søken etter ein røyndom og diskusjonen om kva som er ein røyndom. Dette kan jo vere totalt motsett for to personar. I tillegg er kjærleiken mellom barn og foreldre eit sterkt tema, med Hedvig si søken etter aksept hos Hjalmar som viser seg å kanskje ikkje vere faren likevel, fortel teatersjef Bodil Kvamme.

11 opne framsyningar og turné i DKS

Det vert to framsyningar av Vildanden på premieredagen i Førde 12. mars. Mellom desse to framsyningane er det Kulturkafé: til evig eige – klassikarane. Her møter vi Edvard Hoem, Øystein Ulsberg Brager og Maria Tryti Vennerød i samtale om klassikaren sine evige kvalitetar som tema. 

Totalt er det 11 opne framsyningar av teaterstykket, inkludert 2 framsyningar i Bergen. Vildanden vert også spelt i Den kulturelle skulesekken for ungdomar i den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane i turnéperioden, med 15 framsyningar. 

I Førde får elevar sjå Vildanden 14. og 15. mars. I dette teaterstykket tek Sogn og Fjordane teater i bruk sin nye Black Box med plass til 62 publikummarar på kvar framsyning.

Ny lokal skodespelar

Skodespelar Reidun Melvær Berge (22) frå Florø er engasjert ved Sogn og Fjordane Teater for første gong i rolla som Hedvig. Regissør Øystein Ulsberg Brager er imponert over Melvær Berge sin prestasjon på scena.

- Hedvig er ein kompleks rollefigur som er vanskeleg å spele. Å få til ein ung og truverdig karakter med publikum ti centimeter unna, er ikkje lett. Det krev ein sabla god skodespelar, så vi har verkeleg skote gullfuglen med Reidun, seier Brager.

Les også