Ny bok frå Instagram-inspiratoren

Publisert 05.11.2020 12:58, oppdatert 05.11.2020 12:58 - Selja Forlag/Stottmedia.no - tips@stottmedia.no

Ny bok frå Instagram-inspiratoren

Ingeborg Sol Fure (40) har i periodar av livet hatt det tungt og vanskeleg, men lært seg å snu motgang til medgang. No er ho ute med si andre bok Dropar av sol. Ei vakker bok fylt med personlege dikt og historier som handlar om nettopp dette: Å gå inn i heile spekteret av kjensler og vere eit heilt menneske på godt og vondt – og ikkje vere redd for å vise det.

Ingeborg Sol Fure er frå Måløy og bur i Førde.

I tillegg til å vere sjølvstendig næringsdrivande er ho er kreativ skaper for Renault Norge og ambassadør for Opplev Norge 2020. Vinteren 2020 fekk ho heidersprisen «Årets jentepust» for måten ho inspirerer andre på. Ho har tidlegare skrive boka 100 dagar utan deg.

ingeborg m bok

Ingeborg Sol Fure

Ingeborg Sol Fure kallar seg sjølv for visuell skapar og storyteller, og det er viktig for henne at ikkje berre tekstane, men også bileta betyr noko spesielt og kallar fram tankar. Boka er difor rikt illustrert med store og til dels spektakulære bilete, der ho til dømes står på hendene på kanten av eit stup eller badar i isvatn. Fure understrekar at ho ikkje tek sjansar, sjølv om det ser farleg ut. Det er berre å finne rette vinkelen og bruke optisk illusjon. Nokre av bileta har ho teke sjølv  med sjølvutløysar, andre er av profesjonelle fotografar. Dei siste åra har ho blant anna samarbeidd med fotografen Jostein Vedvik frå Førde.

 – Lukke for meg er å oppleve frydefulle augneblinkar som motvekt til det som er mørkt og trist. Å ta med seg ein kjole på ein fjelltur for å komponere eit bilete til ein melankolsk tekst, endar ofte i latterkrampe og positive opplevingar, ler Ingeborg Sol Fure.

 Bilete og tekstane  deler ho med sine over 20 000 følgjarar på Instagram, og no er dei beste samla i boka Dropar av sol, gitt ut på Selja Forlag. Her viser ho kor viktig det er å finne lyspunkt i det som er mørkt, forsterke det som er positivt, og «ta ut si indre gudinne» på ein fjelltopp når det passar seg slik. Drite i jantelova, vere optimist, bryte grenser og ha trua på at alt er mogeleg.

 Fure vart oppmuntra av mora til å lese alle dei store klassikarane allereie som lita jente. Sult av Knut Hamsun las ho som 14-åring og favorittlyrikarane er Halldis Moren Vesaas og Hans Børli. Ho brenn for nynorsk og er oppteken av å bruke språket til å utrykke noko – gjerne på ein finurleg måte som gjer at du må lese diktet fleire gongar.

 – Eg har skrive poesi sidan eg var lita jente, men det var først då kroppen sa stopp etter at eg hadde pressa meg for hardt for lenge, at eg for alvor begynte å skrive. Tidlegare la eg helst ut bilete frå trening på Instagram, det var først då eg la ut dikta mine at talet på følgjarar skaut fart. Dei mange gode tilbakemeldingane eg får der, gjev meg energi til å halde fram og inspirere andre.

Les også