Startar underskriftskampanje for born med utfordringar

Publisert 19.01.2021 12:55, oppdatert 19.01.2021 13:04 - Ole Jacob Huus - tips@stottmedia.no

Startar underskriftskampanje for born med utfordringar

Følgjekort sørger for at born med nedsett funksjonsevne kan ta med seg vaksne på arrangement gratis eller til sterkt redusert pris. I Sunnfjord må ein vere åtte år for å få eit slikt kort. – Aldersgrense er meiningslaust, seier Julie Kirketeig til Førdeby. No startar ho underskriftskampanje for å få kommunen til å snu.

  

I byar som Trondheim og Oslo er det inga aldersgrense for å få følgjekort. Det er ein praksis Sunnfjord kommune bør kopiere, krev Kirketeig.

- Dette er ei ordning som ikkje medfører kostnader for Sunnfjord kommune, det er kvar enkelt aktør, td. Førde kino, som avgjer om dei godtek følgjekortet. Det er stort sett ledig plass både på kinoane, i svømmehallar og andre stader der det er naturleg å bruke slik kort, så det bør vere ein vinn-vinn-situasjon for alle partar, meiner Kirketeig. 

Kirketeig har tre born, men Vilde er spesiell.

-      Ho er tre og eit halvt år, og vil alltid ha behov for 1-1-hjelp. Når vi skal på kino, bading eller andre ting, vil vi gjerne ta med alle borna. Med tre born der ingen treng spesiell tilrettelegging, vil det vere nok med ein vaksen. Men med Vilde må vi vere to personar slik at ikkje alle i familien må gå dersom ho ikkje kan vere med lenger.

Ho trur mange unngår å oppsøke arrangement dersom dei må betale mange hundre kroner og forlate staden etter ti minutt.

-      Det kan fort bli ekskluderande, seier Kirketeig.

0 eller åtte?

Aldersgrensa for å få følgjekort i Sunnfjord er åtte år. Andre stader er det inga grense. Det er urettferdig, seier Kirketeig. 

- Konsekvensen er at ein femåring frå Trondheim som kjem til Førde og skal på kino her, kan nytte seg av følgjekortet sitt frå Trondheim og ta med ein assistent gratis. Femåringen som er heimehøyrande i Førde, har ikkje denne moglegheita. Det er vel ikkje slik det skal vere, spør Kirketeig.

La flest mogleg få vere med

Kirketeig er klar på at denne praksisen må endrast, og underskiftskampanjen ho har starta har samla 100 av dei 300 signaturane som trengs for å få kommunen til å ta opp saka til vurdering.

-      Å legge til rette for at flest mogleg skal kunne delta i samfunnet, har mange fordeler. Det handlar om individet sin rett, å auke livskvaliteten vår, det er helsefremmande, reduserer sjukefråver og aukar deltakinga i arbeidslivet. Dette er ein vinn-vinn-situasjon og er med på å ta vare på alle – funksjonshemming eller ikkje.

Kan kome løysing

Sunnfjord kommune har merka seg underskriftkampanja, fortel Liv Janne Bell Jonstad som er einingsleiar fagutvikling i Sunnfjord kommune:

-      Vi har fått spørsmål om denne ordninga, og har merka oss at det er engasjement rundt dette. Førde kommune innførte følgjekortet for mange år sidan, medan dei andre kommunane som no er ein del av Sunnfjord kommune ikkje har hatt denne ordninga. Vi har månadlege møter der vi drøfter ulike saker, og denne problemstillinga vil nok bli diskutert i morgon (onsdag 20. jan., red. anm.).

Dermed kan denne saka bli løyst, men det skjer ikkje i morgon, påpeiker Bell Jonstad:

-      Vi har ikkje myndigheit til å avgjere dette i morgondagens møte. Men vi vil diskutere om denne saka bør bringast vidare til den overordna leiinga, eventuelt til politisk handsaming.

I mellomtida samler Kirketeig underskrifter. Dersom du støttar hennar syn på saka, finn du kampanja på https://minsak.no/sak/2295.

Les også