Styreleder i KS, Bjørn Arild Gram. Foto: KS

Publisert 25.11.2020 10:59, oppdatert 25.11.2020 10:59 - NTB Kommunikasjon - tips@stottmedia.no

Støtte til klart språk i Vestland

Sunnfjord og Kinn kommunar og Vestland fylkeskommune får til saman 124 000 kroner i støtte frå KS. Aldri før har så mange kommunar og fylkeskommunar satsa på klart språk.

 

  

– Skal vi lukkast med digitaliseringa av Noreg, må vi satse på klart språk, seier Bjørn Arild Gram, styreleiar i KS. Støtta skal blant anna gå til skrivekurs, brukartesting og forbetring av brev, skjema og nettekstar.

Klart språk og digitalisering

Fleire av kommunane skal også jobbe med klart språk knytt til digitalisering av tenestene.

– Vi må sikre klart språk i alle tekstar som inngår i brukarreisa – korleis heng dei nye, digitale løysingane saman med vedtak, brev og rettleiarar som brukaren må forholde seg til for å løyse oppgåva? Dersom du møter ordet «garasje» i eit digitalt byggesøknadsskjema, er det ikkje gitt at du forstår at «det omsøkte tiltaket» tyder «garasje» i svaret frå sakshandsamaren, seier Gram. Han er oppteken av at språket må vere klart, både i den digitale tenesta og i alle svara som følgjer.

Ein av tre slit med å forstå

Tidlegare i år oppmoda KS innbyggjarane til å fortelje om tekstar frå det offentlege som dei ikkje forstår. Kampanjen på Facebook vekte mykje engasjement. Mange uttrykte frustrasjon, ein skreiv «Det er skambelagt å ikke forstå ‘byråkratsk’».

– Då har noko gått gale. Ingen skal føle skam i møte med norske innbyggjartenester, seier Gram.
I innbyggjarundersøkinga frå 2019 (Digitaliseringsdirektoratet) kjem det fram at det framleis er ein av tre som slit med å forstå offentleg informasjon. Gram meiner at det offentlege må ta ansvaret for at innbyggjarane skjønar kva for mulegheiter, rettar og plikter dei har.
– Å forstå og bli forstått er ein føresetnad for å kunne delta i demokratiet, avsluttar Gram.

Program for klart språk

KS har fått støtte frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet sidan 2014 til program for klart språk. Programmet blir avslutta i år, men KS ønskjer å halde fram arbeidet. 1,1 av dei 2,5 millionane KS fekk i støtte frå departementet i år blei delte ut til kommunane sitt eige språkarbeid. I juryen for støtteordninga sit representantar frå kommunesektoren og Språkrådet. Kommunal- og moderniseringsdepartementet er med på å finansiere KS-programmet klart språk i kommunesektoren.

Filmar der innbyggjarane blei bedne om å seie frå om tekstar dei ikkje forstår:

https://www.facebook.com/KSKommunesektoren/videos/151689039608788/

https://www.facebook.com/KSKommunesektoren/videos/109147410519896/

https://www.facebook.com/KSKommunesektoren/videos/639755000132608/

Les også